Temaet i år er perspektiv og me set fokus på verdien av ringverknadane i vår region
Bakgrunnen for temaet er at næringslivet er verdifulle for kvarandre her i distriktet og korleis perspektivet ser ut frå ei stor industribedrift å kunne få lokal kompetanse og verdi i sine målsettingar, kontra det å vera ei lita bedrift som er avhengig av dei store eller fleire mindre kundar for å ha ei sunn og god drift.
Me skal også få perspektiv på rekruttering til vår region og som bedriftene ser på som ei utfordring med å skaffa rett kompetanse og «bli-lyst» som er grunnleggjande viktig også i framtida.
Ein ung og modig Kvinnhering til å leia oss gjennom dagen, nettopp fordi vi vil gje dei unge plass, og skapa eit ungt engasjement for næringsutvikling i vår region.
Målet er at konferansen skal samla engasjerte og framtidsretta næringslivsambassadørar frå heile regionen. Då er det og viktig å ha gode trekkplaster med tema som engasjerer.
Å skapa eit engasjert og innovativt ungt næringsliv og ein arena for framtida gjennom samarbeid, kunnskapsdeling og entreprenørskap.
Me vil også denne dagen presentera KNS Ung og visjonen

KNS Ung
«Å skapa eit engasjert og innovativt ungt næringsliv og ein arena for framtida gjennom samarbeid, kunnskapsdeling og entreprenørskap.»
Dette bedriftsnettverket, beståande av unge i alderen 18 til 39+, skal jobba for å forma eit næringsliv som ikkje berre er økonomisk levedyktig, men og sosialt ansvarleg og miljømessig berekraftig.
Gjennom aktivt engasjement og samarbeid, kunnskapsdeling, samt inspirasjon til entreprenørskap, vil vi leggja grunnlaget for ei framtid der det unge næringslivet bidrar til eit robust framtidig Kvinnherad.
Vi ynskjer at dette skal vera ei levande plattform kor unge engasjerte kan utvikla seg, våga å tenka nytt og byggja sterke og nyttige relasjonar. Gjennom fks workshops, nettverkssamlingar, mentorprogram og samarbeidsprosjekt vil vi styrkja kompetansen og skapa moglegheiter for å realisera nye idéar og prosjekt som kan bidra positivt for næringslivet i Kvinnherad og regionen elles.
Me har tru på at dette blir tatt godt i mot, det er mange flinke unge vaksne i Kvinnherad som saknar ein møteplass.